Kommuneplanens samfunnsdel

Kommuneplanens samfunnsdel tek stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for Molde-samfunnet og for kommunen som organisasjon og er verktøyet for heilskapleg planlegging.

Plana er også det overordna plandokumentet som skal ligge til grunn for både arealdelen og anna planverk i kommunen.

Kommuneplanens samfunnsdel 2021-2031

 

Kommuneplanens samfunnsdel er ei tverrfagleg fireårlig plan, med tiårig perspektiv. Plana består av tre utviklingsmål for samfunnsutvikling og to utviklingsmål for organisasjonsutvikling. Alle desse utviklingsmåla er våre ambisjonar om ønska tilstand i 2031.

 

Samfunnsmåla

  1. Molde er eit attraktivt samfunn i vekst - Norges mest næringsvenlege kommune.
  2. Molde er eit grønt, smart og innovativt samfunn.
  3. Molde er eit inkluderande, trygt og mangfaldig samfunn.

Organisasjonsmåla

  1. Molde kommune har berekraftig økonomi og tenesteproduksjon.
  2. Molde kommune er ein open organisasjon og ein attraktiv arbeidsgjevar.

 

Plana er eit strategisk styringsdokument og peikar på kva vi skal satse spesielt på. Det betyr ikkje at vi skal slutte med det som ikkje er omtala, men kor vi skal rette innsats og ressursar spesielt for å nå måla vi har sett oss.

Sjå også:

Slik vart kommuneplanens samfunnsdel til

Kommuneplanen

Kommuneplana inneheld ein samfunnsdel og ein arealdel. Denne sida handlar om samfunnsdelen.

Her kan du lese om kommuneplanens arealdel.