Plansystemet

God leiing og gode plan- og styringsprosessar er ein føresetnad for at Molde kommune skal kunne ta i vare si rolle som tenesteytar, samfunnsutviklar og demokratisk arena. God styring av verksemda skal ta i vare både dei folkevalde sitt ansvar for strategisk styring og prioritering, og kommunedirektøren sitt ansvar for å sette i verk politiske vedtak.

Plansystemet skal

  • gje eit godt grunnla for politisk styring og administrativ oppfølging
  • vere tilgjengeleg og lett å få oversikt over
  • stimulere til tverrfagleg oppgåveløysing i samarbeid med innbyggarar, næringsliv og organisasjonar
  • legge til rette for opne prosessar med målretta samarbeid/medverknad
  • legge til rette for effektive, kostnadseffektive og kunnskapsbaserte planprosessar
  • kunne omstille seg i takt med samfunnsendringane

Eit tydeleg planhierarki skal vise samanhengen mellom dei ulike planane og ha klart definerte plantypar. Dei ulike typane planer er nærare omtala i planstrategien. Figuren under viser forslag til plansystem for Molde kommune.