Sandan

Sydlandske strender, turstiar og historiske skattar. Sandane er ikkje berre ein ynda stad for strandliv og friluftsliv. Det ber òg eit historisk sus over seg.

På utsida av Midøya ligg dei finaste badestrendene i Romsdal. Nøre Sanden vender ut mot Harøyfjorden medan Søre Sanden vender mot vest og ligg skjerma til ved Hamnaneset som ligg mellom dei to strendene. Med tilrettelagde stiar og ein asfaltert parkeringsplass er friluftsområdet godt tilgjengeleg for dei fleste. Sandane er eit område med rike kulturminne, og ved parkeringsplassen finn du ei informasjonstavle med QR-kodar der du kan lesa deg opp på.

Kart