Helleristningane på Bogge

På Bogge mellom Eidsvåg og Eresfjord finn ein den største samlinga av førhistorisk bergkunst i Møre og Romsdal. Det eldste feltet er cirka 6000 år gamalt. Dette feltet ligg 24 meter over havet og inneheld cirka 50 dyrefigurar i eit cirka 15 meter breitt bånd. Desse gamle kunstverka gjev oss eit fascinerande innsyn i livet til våre forfedrar, som levde her for tusenvis av år sidan.

Helleristningar er ein form for teikn og symbol som vart rissa inn i fjella av menneske som livnærte seg av jakt og fiske. Desse ristningane kan ha ulike føremål, som å markere gode fangstplassar, rike viltstader, eller til og med symbol med magiske føremål, som å gi jegaren makt over dei dyra han ønska å fange.

I dag samarbeider NTNU Vitenskapsmuseet og Møre og Romsdal fylkeskommune for å ta vare på og restaurere bergkunstfelta på Bogge. I perioden 2021/2022 vart skjøtsel av desse viktige historiske stadane utført. Skjøtsel av områda blir vidareført vinteren 2023/2024 og er difor tildekka i perioden oktober til april. Felta er dekka med matter for å verne dei, og det vert utført behandling med etanol for å fjerne mose og mikrovegetasjon. Tiltaket vil bidra til å førebyggje forvitring av berga samstundes som det betre synlegheita av dei gamle figurane. Målet er å verne helleristningane som kjeldemateriale og sikre at bergkunsten på Boggestranda vil vera tilgjengelig for komande generasjonar.

For dei som ønsker å vitje desse fantastiske helleristningane, er vegen til Bogge enkel å finne. Bogge ligg omtrent 6 kilometer frå Eidsvåg sentrum langs RV 660 mot Eresfjord. Det er ein veg som går ned forbi garden, og du kan parkere ved ei lita hytte eller hus. Vi oppmodar alle vitjande til å visa omsyn til husdyr og garden sin drift i området.

Romsdalsmuseet

Kontakt

Astrid Bøe Drejer
kulturkonsulent
E-post
Mobil 94 85 62 92

Åpningstider

Mai-september

Kart