Tilskot til skogsvegar – Retningsliner 2023

Krav til veganlegget

  • Veganlegg med totalramme på byggjearbeid over 500 000 kr, skal konkurranseutsettast.
  • Før anleggsarbeidet vert sett i gang skal det føreligge ein byggjeplan godkjent av kommunen. Denne skal leggast ved søknad om tilskot.

Vilkår

  • Vegen skal utgjere ein del av det permanente vegnettet. 
  • Søknaden skal gjelde nyanlegg og/ eller ombygging. Det skal vere planlagt snu- og velteplassar. 
  • Det kan setjast vilkår for utbetaling av tilskot til dei einskilde tiltaka, jf. § 3 i Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Vilkåra må vere i samsvar med formålet med tiltaka. 
  • Prioriteringsgrunnlag for tilskot: 
  • Ved prioritering av søknader vert det vurdert om vegen er planlagt i tråd med hovudplan eller foreløpig hovudplan. Skogsbilvegar blir prioriterte framfor traktorvegar. 
  • Løysing av flaskehalsar, snuplassar og tiltak for å få tømmerbil av offentleg veg prioriterast. 
  • Det vert vurdert om vegen vil bidra til å ta vekk grunnlaget for å få bygd ut større samarbeidsprosjekt. 
  • Samarbeidstiltak vert prioritert framfor søknader som gjeld einskildskogeigarar, der det er grunnlag for slike vegløysingar. 
  • Det vert vurdert om vegen vil utløyse stor aktivitet, nært føreståande, framfør på lang sikt. 
  • Jordskiftevegar vert prioritert framfor andre vegar som elles vert vurdert likt. 

Søknad, sakshandsaming og utbetaling

  • Søknad på skjema SLF-903 skal sendast kommunen for kontroll og prioritering.
  • Standard på tilstøytande offentleg veg skal avklarast. Det vert ikkje løyvd tilskot til vegar som er knytt til vegar med så låg bereemne at tilskotsvegen ikkje kan nyttast til føremålet.
  • Kommunen handsamar søknadane. Søknadsfrist for første tildelingsrunde er 15. mars. Søknadsfrist for andre tildelingsrunde er 15. august. Etter dette vert det eventuelt fortløpande vurdering av innkomne søknader, dersom det er att midlar.
  • Skjema SLF-904 skal brukast ved utbetaling av tilskot.
  • Kommunen har ansvar for kontroll av at byggjearbeidet er gjennomført i tråd med føresetnadane, godkjenning av byggjearbeidet og sluttrekneskap.
  • Kommunen skal følgje opp vilkår som er sett, og i dialog med fylkesmannen setje i verk naudsynte tiltak.

Tilskotssatsar

  • Skogsbilveg inkludert snu- og lunneplassar: inntil 50 %.
  • Vegar etter hovudplan eller foreløpig hovudplan kan få inntil 60 % tilskot.
  • Lassbærarveg/Traktorveg kl 7: 20-40 %. Høgaste sats kan berre brukast der vegen seinare vil bli bygd om til skogsbilveg.
  • Støtte til dekking av kostnader ved innleie av hjelp til vegplanlegging/byggeleiing– lik sats som tilskot til vegbygging.
  • Ved ei samstemt skogforvaltning kan det unntaksvis løyvast særskild ulempestilskot i samband med klimatilpassing/sikring etter drift. Skal avklarast med Statsforvalteren i Møre og Romsdal.


Fastsett med visning til Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.

Kontakt

John Walseth
rådgiver skogbruk
E-post
Mobil 48 28 95 03