For året 2025 er UKL Eikesdalen tildelt ca. 480 000 kroner. Dette er statlege midlar som er fordelt til kommunane. Den økonomiske satsinga skal medverke til å oppretthalde eit aktivt og levande kulturlandskap, ta vare på kultur- og landskapsverdiar og å hindre attgroing.
Kven kan søkje?
Dei som kan søkje om tilskot er:
- grunneigarar, drivarar og landbruksforetak innanfor UKL-området
- organisasjonar, lag og foreiningar innanfor UKL-området
- kommunen, kunnskapsmiljø og andre som bidreg til å nå måla i forvaltningsplanen og skjøtselsplanene
UKL-området Eikesdalen. Foto: skjermdump fra naturbase.no
Skjermbilde fra naturbase.no
Sjå kart for UKL-området Eikesdalen på faktaark.naturbase.no
Kommunen kan innvilge tilskot i samsvar med formålet med ordninga og målsettingar i planer for området. Det kan bli innvilga tilskot etter mål i forvaltningsplanen for UKL Eikesdalen (PDF, 3 MB) og i tråd med skjøtselplaner for enkelte område/gardar som er utarbeidd under ordninga.
Søk om tilskot til tiltak
Det er to typar tiltak du kan søkje om:
- søknad om investeringstiltak/eingongstiltak
- søknad om tilskot til drift/ årleg tiltak
Tilskot til investeringstiltak/eingongstiltak
Med tilskudd til engangs-/investeringstiltak menes tidsavgrensede tiltak, for eksempel med to års arbeidsfrist. Typiske eksempel: istandsetting av bygninger og andre kulturminner, restaurering og skjøtsel av gjengrodd areal, oppsetting av gjerder, tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv og lignende. Utarbeiding av skjøtselsplaner, gjennomføring av kurs og slåttedager, planlegging av tiltak og lignende er også i denne sammenhengen investeringstiltak. (Rundskriv 2021 31)
NB! Ein vil ikkje kunne få UKL-midlar til skjøtsel av haustingsskog og restaurering av bygningar før det omsøkte planarbeidet er ferdig utarbeidd.
Søknad om tilskot til drift/ årleg tiltak
Med tilskudd til drift/årlig tiltak menes tilskudd til samme type tiltak som skjer hvert år. Typiske eksempel: tilskudd til beite, slått eller annen årlig skjøtsel av areal, årlig drift av seter, m.m. (Rundskriv 2021 31).
*UKL-ordninga kan gje tilskot til søkjarar som mottek produksjonstilskot og som har husdyr på utmarksbeite i det utvalde kulturlandskapet i mer enn fem veker i beitesesongen. For å få tilskudd for dyr på utmarksbeite, må dyret ha tilfredsstillande beitemuligheter og hoveddelen av det daglige grovforopptaket skal skje ved beiting i utmark. Beitetilskot må søkast om på nytt kvart år.
Kategoriar for beitetilskot: sau/geit kr. 100 og storfe/hest kr. 500. Satsane er førebelse og kan bli justerte dersom talet på beitedyr blir vesentleg større eller mindre enn forutsett.
Rettleiande satsar for UKL-tilskot i 2025
Kommunen har høve til å justere godkjente kostnadsoverslag og tilskotsbeløp ut frå tilgjengelege budsjett og samanliknbare prosjekt.
Slik søkjer du
Du kan søkje på fleire tiltak samtidig. Send inn ein søknad per tiltak.
Krav til søknaden vil variere ut frå kva type tiltak du søkjer om. Det er to ulike tiltak du kan søkje om. Dei to tiltaka har kvart sitt søknadsskjema. Les rettleiingsteksten i søknadsskjemaet nøye. Mangelfulle søknadar kan bli avvist.
Eksempel på opplysningar som trengst til søknaden:
- kven som søker og kvar tiltaket skal gjennomførast
- beskriving av tiltaket/prosjektet
- korleis tiltaket/prosjektet er i tråd med formålet med ordninga
- korleis tiltaket skal gjennomførast
- kostnadsoverslag (frå t.d. handtverkar med dokumentert bygningsvernkompetanse når det gjeld bygg)
- finansieringsplan
Eige arbeid kan inngå i kostnadsoverslag og finansieringsplan. Timeliste over utført arbeid må då leggast ved i sluttrapporteringa.
Du treng desse vedlegga:
Før du startar med å fylle ut søknadsskjemaet er det lurt å ha ein del opplysningar og dokument tilgjengeleg. Kva for opplysningar som trengs avheng av kva for tiltak du søkjer om.
Avhengig av type tiltak vil følgande vedlegg vere relevante:
- kart som viser kvar tiltaket skal gjennomførast, frå www.gardskart.no
- foto av arealet eller objektet før tiltaket blir gjennomført
- skriftleg avtale om gjennomføring av fellestiltak med fleire andre aktørar, der dette er aktuelt
- skriftleg løyve for gjennomføring av tiltaket frå grunneigar og eventuelt andre rettigheitshavarar dersom søkar ikkje er grunneigar
Les mer om obligatoriske vedlegg til søknaden på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Mangelfulle søknader kan bli avvist.
Fyll ut søknadsskjemaet
Søknaden skal sendast inn via digitalt søknadsskjema med innlogging via Altinn.
Søknadsskjema og retningsliner for Utvalgte kulturlandskap
Du får automatisk ei kvittering når søknaden din er levert i Altinn.
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 1. april 2025. Ved eventuelle restmidlar kan det bli ei utlysing på hausten i tillegg.
Kva skjer videre?
Kommunen vil behandle alle søknadar etter at søknadsfristen har gått ut. Dersom søkar er eit foretak, vil du få svar via Altinn. Dersom søkar er ein privatperson vil svar bli sendt til digital postkasse (Digipost eller eBoks), eller til di postadresse som er registrert i folkeregisteret, dersom du ikke har digital postkasse.
Vilkår og rammebetingelsar ved tildeling av tilskot
- Dugnadsarbeid kan inngå som eigenandel.
- Frist for gjennomføring av tiltak er til vanleg 3 år frå tilskot vart innvilga, med mindre kommunen har sett ein kortare frist. Kommunen kan etter søknad forlenge gjennomføringsfristen dersom dette er nødvendig for å få gjennomført tiltaket, men ikkje ut over fem år frå tilskotet vart innvilga.
- Minst 25 % av tilskotet blir halde attende til tiltaket er fullført og sluttrapporteringa er godkjent.
- Sluttrapport blir betrakta som utbetalingsanmodning. Sluttrapport skal innehalde fullstendig regnskapsoversikt med kopi av bilag. Bruk eige skjema for rapportering og timelister som eventuelt følgjer med tilsegnsbrevet.
- Det blir sett ein frist for gjennomføring av tiltaket. Sluttrapport og anmodning om utbetaling må vere sendt kommunen innan den fristen som er sett. Tilsegn kan automatisk bli trekt attende dersom sluttrapport ikkje er motteken innan fristen.
- Dersom kostnadane i tiltaket blir mindre enn budsjettert vil kommunen redusere tilskotet tilsvarande (%-delen tilskot blir den same).
- Kommunen kan sette i verk kontroll for å sjå til at søkar brukar tilskotet etter føresetnadane. Ved kontroll pliktar tilskotsmottakar å gi nødvendig dokumentasjon om tiltaket.
- Kommunen kan krevje tilskotet betalt attende dersom søkar ikkje brukar tilskotet i samsvar med føresetnadane.
- Det blir forventa at søkar har alle løyve frå grunneigarar, kommunar og øvrige myndigheiter på plass før tiltaket blir sett i gang, der dette er påkravd.
Klage
Om du får avslag på søknaden, kan du klage innan ein frist på tre veker. Klagen skal sendast til Molde kommune. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner at vedtaket må endrast. Legg ved dokumentasjon dersom det er nye opplysningar. Om kommunen fastheld sitt vedtak, blir klagen sendt til Statsforvaltaren.
Sjå også
Forvaltningsplan 2024–2027. Eikesdal utvalde kulturlandskap (PDF, 3 MB)
Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap
Kommentarer til forskrift – Rundskriv 2021/31 på landbruksdirektoratet sine nettsider
Om forvaltningsansvar og saksbehandling på landbruksdirektoratet sine nettsider
Regional delplan for kulturminner av regional og nasjonal verdi, på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.