Retningslinjer for Kraftfondet i Nesset

Dette er retningslinjer for kommunedelsutvalet si forvaltning av kraftfondet sine øremerka midlar. Formålet er å finansiere tiltak som kan fremme næringslivet og trygge busettinga i tidlegare Nesset kommune.

Kommunedelsutvalget vil dele forvaltninga i seks kategoriar:

  1. Tradisjonelt næringsliv; bedrifter, industri og handel:
    Tilskot til investeringar, næringsutvikling og nyetablering.
  2.  Landbruk:
    Tilskot til investeringar, kjøp av mjølkekvoter, utviklings- og samarbeidstiltak.
  3. Reiseliv:
    Tilskot til investeringar, utviklingsarbeid, marknadsføring og informasjon.
  4. Trygge busettinga:
    Gi støtte til gode møteplassar og infrastruktur i bygdene samt tilskot til kulturminnetiltak i samsvar med kommunedelplan, kultur, idrett og friluftsliv. Barn og unge.
  5. Samarbeide med Nesset Vekst AS:
    Om overordna næringstiltak og utvikling, driftsstøtte.
  6. Særlege prosjekt; større enkeltprosjekt som kan vere viktig for å sikre busetting utan at dei er direkte næringsrelatert.

Generelle retningslinjer

Økonomisk støtte frå kraftfondet skal primært gis som tilskot til:

  1. Investeringar i nyetableringar.
  2. Utviding av eksisterande verksemder og rasjonaliseringstiltak.
  3. Utviklingstiltak; planlegging, produktutvikling, marknadsundersøkingar, opplæring m.m.
  4. Bygningar, innredningar og fast monterte maskiner og produksjonsutstyr.
  5. Tiltak som gir sysselsettingseffekt og eller bedrifter med ein klar vekststrategi skal prioriterast. Tal arbeidsplassar som prosjektet bidreg til skal registrerast og tilleggast vekt.
  6. Tilskot skal berre giast til prosjekt med klart definert eigarskap. Unntaksvis kan det giast tilskot til prosjekt utan tydeleg eigarskap om det er i ein viktig tidlegfase eller har stort potensiale.
  7. Det skal normalt ikkje gis tilskot til drift eller vedlikehald av driftsutstyr.
  8. Søknader til Kraftfondet skal innehalde kostnadsoverslag, finansieringsplan, driftsbudsjett og andre opplysningar som kan vere med å klargjere søknaden.
  9. Kommunedelsutvalget står fritt til å utøve skjønn i kvar enkelt sak.
  10. Det kan tildelast tilskot med inntil 50% av kapital/investeringsbehovet.
  11. Tiltak av allmenninteresse kan få inntil 100% dekning inntil 100 000.

Krav om utbetaling av tilskot må fremjast innan 2 år frå tilsagnsdato. Kommunedelsutvalget kan i unntakstilfelle kjøpe aksjar i verksemder, men ikkje meir enn 30%. Dette bør skje i samarbeid med Nesset Vekst AS.

Utlysing og prosedyrer

Utlysing i januar og august på portal Nesset, avisannonse og facebook. 

Løpande søknadsfrist og sakshandsaming, fordeling 6 gonger pr år. Eige søknadsskjema og sluttskjema.

Klage

Utvalet sjølv tar imot klager, viss ikkje medhald går det vidare til formannskapet. Eit mindretal i utvalet kan klage avgjerd om disponering av midlane inn for kommunestyret.

Vedtatt i kommunedelsutvalget 15.4.2020, sak 3/20.