Om Vistdal skule

Skulen er fådelt, det vil seie at fleire årstrinn har undervisning saman. Skulen har elevar frå 1.–7. trinn. Opplæringsmålet er nynorsk.

Vistdal skule er ein barneskule som deler rektor med med Eresfjord skule. Saman utgjer vi Indre Nesset barne- og ungdomsskule. Vi er ein fådelt skule, noko som inneber at fleire klassar har undervisning i lag. Vi samarbeider også med barnehagen, som heldt til i samme bygg som oss. 

Skulen har eit sterkt fagleg fokus med vekt på varierte undervisningsmetodar, mellom anna ved stor grad av stasjonsarbeid. 

Skulen ligg i nærleiken av både elv og sjø, med store og varierte uteområder lett tilgjengeleg. Eitt av satsingsområda våre er fysisk aktivitet og friluftsliv. Det blir, i tillegg til uteskuledagar haust og vår, mellom anna gjennomført fjellturar, skulejogg, friluftsdagar, vinteraktivitetsdag og lokal TINE-stafett. 

Vistdal skule er mykje i bruk etter skuletid. Lag og organisasjonar låner rom av skulen til møteverksemd. Vistdal idrettslag og Eresfjord og Vistdal fotballklubb brukar begge gymsalen, eller nyttar uteområda. Sterk og stødig-gruppa har også faste aktivitetar i gymsalen. 

Ute har vi både «klatrejungel» og ballbinge, for å nemne to område der foreldre har gjort ein viktig innsats for å realisere planane. Desse tilboda er tilgjengelege for alle, og mange nyttar seg også av dei på fritida.

Bilder:

Kontakt

Christina Sveen
rektor
E-post
Mobil 94 37 17 45

Adresse

Vistdalsvegen 1097,

6364, Vistdal

Kart