Bidreg til å redusere det digitale skiljet i samfunnet

På Molde bibliotek stiller tilsett Jorunn Fjøren opp med rettleiing kvar måndag med gratistilbodet “datahjelp”. Kvar person får ein halvtime til rådvelde, og kan spørja om alt kring smarttelefon, nettbrett og datamaskin.

Fjøren tok initiativet til å etablera datarettleiing på biblioteket i 2016, og tilbodet har hatt fleire former før det vart utforma som det er no, med rettleiing kvar måndag frå klokka 13.00 til 15.00. 

Bibliotekmedarbeidaren fortel at behovet for datahjelp er stort og at ho tek imot påmeldingar fleire veker i førevegen. Ho fortel at det er flest eldre som gjerne har vore ute av arbeidslivet i nokre år som kjem: — Når dei sluttar på jobb så sluttar dei å bruke digitale verktøy. Men det kjem det til det punktet at dei er nøydde.

Fjøren opplever at det er eit skilje i samfunnet mellom dei som meistrar digitale verktøy og dei som ikkje gjer det. I tillegg til at det kan vera mykje skam knyta til å ikkje vera datakyndig fordi du ikkje meistrar noko som mange andre gjer og som er underforstått at du bør meistre.  

Ho fortel at det er smarttelefonen dei fleste treng hjelp til å bruka, som dei ofte har fått frå eit familiemedlem som ynskjer å gjere dei eldre digitale. Likevel, påpeikar ho at det er mange som ikkje vil spørja familien sin om hjelp, sidan dei blir utolmodige og oppgitte når dei ikkje får det til: — Å kome til ein framand person som ein kan føle at ikkje dømmer deg kan og vera nyttig, seier bibliotekmedarbeidaren.

Vidare, fortel Fjøren at mange har vanskar for å forstå det digitale språket: —Kva er ein «app»? Kva er ein «nettlesar»? Dei høyrer orda og forstår kva dei betyr kvar for seg. Men når du set dei saman og skal seie at: «berre gå inn på power.no», så gir det ikkje meining. Slik dei tolkar det kan «berre gå inn på» bety fysisk inn på eit rom og ikkje ein nettstad.

Bibliotekmedarbeidaren legg vekt på at ho kan ikkje alt, men trur at ein kjem langt med å vera nysgjerrig, tolmodig, er god på å finne informasjon og klarer å formidle den vidare på ein forståeleg måte:  — Eg er jo ikkje berre datahjelpar. Eg er litt psykolog, og ganske mykje heiagjeng. Eg håpar at eg kan vera med på å byggje dei opp.

Vidare, fortel ho at det er ingen avgrensingar på kor mange gongar dei som oppsøker datahjelp kan kome, noko ho synes er fint då det gir moglegheit for å følgje framgangen. Ho meiner at suksessen bak datahjelp ligg i at endå fleire kan lære å bli sjølvlærte sidan mange digitale plattformar liknar på kvarandre. 

Ein annan fordel er at dei får ta i bruk tilbod dei ikkje har hatt tilgang til på grunn av manglande analoge alternativ. Døme på fordelar dei som søkjer datahjelp kan få, er å gjennomføre videosamtalar og kjøpe billettar til transport og kulturelle arrangement: — Ikkje minst får dei betre sjølvtillit når dei handterer ting dei ikkje greidde før.

Fjøren fortel at ho drøymer om at dei skal ha moglegheit for å hjelpe alle som treng det og at dei gjerne skulle hatt ressursar til å ha eit stikk-innom-tilbod: – Det er jo ein drøym å kunne jobbe meir med det. 


I tillegg til tilbodet hjå Molde bibliotek, er og datahjelp eit tilbod på Nesset bibliotek.


Les meir om datahjelp på nettstaden til Moldebiblioteket.