Fantastisk innsats under årets skulejogg til stønad for TV-aksjonen

Skulejoggen i Vistdal samla 50 barn frå Vistdal og Eresfjord, i alderen 3 til 13 år. Dei sprang til saman 258 kilometer i løpet av ein drøy formiddagstime. 

—Ein fantastisk innsats, seier Christina Sveen som er einingsleiar for både Vistdal skole og Eresfjord barne- og ungdomsskule. 

Inntekta frå skulejoggen gjekk i år til TV-aksjonen og Redd Barna sitt prosjekt “La barn leve i fred” med mål om å hjelpe barn som er ramma av krig og konflikt.

—Vi takkar både løparar og sponsorar for bidrag, kommenterer einingsleiaren. 

I tillegg til mange private sponsoravtalar mellom løparar og familiemedlemar, fekk løpet stønad frå lokale idrettslag og bedrifter. 

TV-aksjonen har vore gjennomført kvart år sidan 1974 og er blitt ein tradisjon i Noreg. Aksjonen er den største innsamlingsaksjonen i verda målt i innsamla middel per hovud og tal på frivillige.

Totalt kom det inn 273 747 956 kroner inn til årets TV-aksjon frå heile landet.