God erfaring med "Helt Med" på Nordbyen skole

Stiftinga Helt Med jobbar for å fremje mangfald og inkludering ved å etablera tilpassa arbeidsplassar for dei som av ulike årsaker treng støtte i arbeidslivet. Dette tiltaket har blitt hjarteleg teke imot ved Nordbyen skole, der Alida Nesje Borvik nyleg er tilsett.

Helt Med har som mål å rekruttera ei brei målgruppe til arbeidslivet og gje dei nødvendig oppfølging og opplæring for å sikra ein vellykka integrering i arbeidsmiljøet. Tidlegare i år vart det lyst ut ei stilling frå Helt Med ved Nordbyen skole, og etter intervju fekk Alida Nesje Borvik tilbod om løna arbeidspraksis over fire veker.

—Me var svært nøgde med Alida, og ho fekk derfor tilbod om fast stilling frå 1. august. No arbeider ho med oss i ei 40% stilling fordelt på 3 dagar, og er både på skole og SFO, kommenterer Renate Gangeskar Horneland, som er undervisingsinspektør ved Nordbyen skole.

Horneland er fadder til Alida og står for den nødvendige oppfølginga på arbeidsplassen. Ho fortel at Alida har fleire arbeidsoppgåver saman med elevane, mellom anna som ein viktig hjelp i mat- og helsefaget på 6. trinn. 

Alida deltek og i timar på 2. trinn, der ho bidreg til både stasjonsundervisning og kunst og handverk. I tillegg har ho praktiske oppgåver med å rydda og halda orden på skulen.

—Etter kvart håpar me at elevrådet og Alida kan samarbeide om å servera havregraut som eit trivselstiltak for dei andre elevane på skulen, fortel undervisingsinspektøren.

Alida trivst godt i den nye stillinga si, og historia viser kor positivt eit inkluderande arbeidsmiljø er for både den tilsette og arbeidsplassen.