Helleristningane på Bogge stengt i perioden oktober-april

På grunn av skjøtsel og restaurering er helleristningane dekka til i perioden oktober-april 2023/2024. Mose og vegetasjon blir fjerna med etanol for å verne om og synliggjere helleristningane slik at dei og kan vera tilgjengelige for komande generasjonar. 

I fjor vart skjøtsel av området utført av NTNU Vitenskapsmuseet og Møre og Romsdal fylkeskommune for å ta vare på og restaurere bergkunstfelta på Bogge. Arbeidet blir vidareført vinteren 2023/2024 og er difor tildekka i perioden oktober til april. Felta er dekka med matter for å verne dei, og det vert utført behandling med etanol for å fjerne mose og mikrovegetasjon. Tiltaket vil bidra til å førebyggje forvitring av berga samstundes som det betre synlegheita av dei gamle figurane. Målet er å verne helleristningane som kjeldemateriale og sikre at bergkunsten på Boggestranda vil vera tilgjengelig for komande generasjonar.

Les meir om helleristningane på Bogge og arbeidet som blir gjort der. 

Kontakt

Astrid Bøe Drejer
kulturkonsulent
E-post
Mobil 94 85 62 92

Åpningstider

Mai-september

Kart