Moldebiblioteka med gode besøkstal

Utlånstala på bøker til barn og unge er på veg oppover, besøkstala er tilbake til normalen etter pandemien, og biblioteket jobbar på for å nå ut til stadig fleire. 

Fleire besøkande

I fjor var besøkstala på Moldebiblioteket – det vil seia i Molde sentrum, på Midsund og i tidlegare Nesset - på 96.509. Dei samanliknbare tala frå 2022 var 90.100 besøkande, og 100.268 i 2019. På Midsund auka også besøkstalet frå 5.327 i 2022, til 6.414 i 2023, medan det i Nesset var ei stigning frå 4.111 til 4.655 besøkande: – Med andre ord er me omtrent tilbake på nivå med besøket før pandemien. Det er me nøgde med, kommenterer biblioteksjef Marianne Ingeborg Langøy.

Samarbeid som nøkkel til suksess

Biblioteksjefen fortel at det var generelt god aktivitet på biblioteka i fjor som blant anna var prega av ulike samarbeid. Blant anna hadde dei fire Popvit-arrangement i samarbeid med Høgskolen i Molde, noko dei ynskjer å halda fram med i år. Vidare, hadde dei sju Litteraturhus-arrangement, og fleire enkelståande samarbeid med alt frå Krisesenteret til foreininga Norden: –Me ser at me når ut. Samstundes er det mykje som konkurrerer om merksemda. Framover har eg tru på framleis satsing på barn og unge, og dessutan formidling av kunnskapsbasert forsking, seier Langøy. 

Biblioteksjefen fortel at biblioteket har hatt stor suksess med Sommerles-kampanjen, som rettar seg mot barn frå 1. - 7. klasse i perioden frå 1. juni til 1. september: –På landsbasis er oppslutning om kampanjen på 32,7 prosent, medan me på på Moldebiblioteka har 41,7 prosent, noko som svarer til 1246 barn. Til saman har barn og unge gjennom kampanjen lese 23.000 bøker. 

Vidare føyer ho til at det er ekstra gledeleg at 44 prosent er gutar, noko som er høgare tal enn fleire stader i landet. Langøy meiner forklaringa bak suksessen ligg i godt samarbeid med skulane, ei medviten satsing, kule premiar og ein bra fest.

Ein viktig arena med eit stort potensial

Når det gjeld e-utlån, held talet seg stabilt på rundt 8.200 bøker: – Potensialet for utlån er langt større. Men me har ikkje råd til å kjøpa fleire lisensar. Dermed blir det umogleg å dekkja etterspurnaden, forklarer Langøy.

Vidare fortel ho at gratis-prinsippet står sterkt i drift av biblioteket i tillegg til at det er viktig å hugse på at biblioteket framleis den viktigaste inkluderingsarenaen i landet: –Ser me på tala går utlån til barn og unge opp, besøket er tilbake, og me jobbar på for å nå ut til stadig fleire, avsluttar biblioteksjefen. 

Les også: Bidreg til å redusere det digitale skiljet i samfunnet