Ein del av berekraftmål 17
Norsk Bibliotekforening har valt veke 17 som berekraftveka til biblioteka og knyt markeringa til Dei sameinte nasjonane (SN) sine 17 berekraftmål.
I tråd med både funksjonen og mandatet til biblioteka arbeider dei med alle berekraftsmåla, ifølge biblioteksjef Marianne Ingeborg Langøy: — Me deler kunnskap, medium, tilgangar, bevarer og inkluderer.
Biblioteksjefen seier at i tillegg til å arbeida med dei overordna måla er det og naudsynt å sjå på kva kvar enkelt av oss gjer i det daglege:
— Når me snakkar om berekraftsmåla kan det opplevast veldig stort.
Grøne grep
Av tiltaka er det blant anna gjort fleire endringar på kulturbygget Plassen, der Molde bibliotek held til.
For å gjere Plassen grønare har det blant anna blitt etablert søppelsorteringstasjonar for både matavfall, plast, restavfall og papir i publikumsareal med god fargemerking og skilting: — Me har og samla inn alle restavfallbøtter ved kvar arbeidsplass, så no bruker alle sorteringsstasjonane, fortel biblioteksjefen.
Langøy fortel at motivasjonen for endringane dei har gjennomført var eit ønske om å unngå svære søppelsekkar fulle av matavfall, eingongsbestikk, papp, plast og liknande: — Det er fint å få teke nokre konkrete grep på Plassen som me har gjort heilt i tråd med berekraftmål 17.
Av andre tiltak biblioteket har gjort er å fase ut papp- og plastkoppar og bestikk, ei returordning for pant i tillegg til ein dispenser inne i biblioteket for påfyll av vassflasker.