Nye Midsund skule er offisielt opna!

Laurdag 10. september vart Midsund skule og kulturskolen offisielt opna. Vi veit ikkje om det er riktig, men det vart sagt blant publikum at dette må vere den finaste skulen i heile Møre og Romsdal. 

Det vart konkurranse om tale og snorklipping då det plutseleg var to ordførarar på podiet under opninga. Lærar Helene Kirkeland bidrog til latter og god stemning blant dei mange frammøtte, då rolla som ordførar Torgeir Dahl vart karikert på ein framifrå måte. 

-Det vart ei flott markering med strålande sol og mykje folk, opplyser rektor og einingsleiar Stian Løken. 

Eit bygg for framtida

Midsund skule har vorte eit løft for lokalsamfunnet. No kan elevar og lærarar nyte godt av eit oppgradert, fleksibelt og moderne bygg, og ikkje minst flotte uteareal med aktivitet tilpassa ulike aldersgrupper. Også spesialromfløya, med naturfaglaben, sløydrommet og musikkrommet har fått ei vesentleg oppgradering med nytt utstyr og praktiske verktøy.

-Skulen er også eit nærmiljøanlegg, og det er kjekt å sjå at områda rundt skulen også blir mykje brukt utanom skuletid, seier Løken.​​​​​​

Ny skule i ny kommune

Dei første planane for ny skule i Midsund starta tidleg på 2000-talet. I perioden 2009-2011 vart det utarbeidd eit ferdig forprosjekt for å samle skulane i Midsund. Deretter vart prosjektet lagt på is til det kunne fullfinansierast. Når kommunereforma kom og tre kommunar skulle bli til ein, vart det semje om at prosjektet skulle fullførast, og ved inngangen av 2020 vart byggeprosjektet overført til Molde eigedom KF.