Nytt liv til stolane på Nobel seniorsenter

Då stolane ved Nobel seniorsenter trong ei oppgradering tok leiaren ved senteret eit annleis val. I staden for å kjøpe nye stolar har ombruk og restaurering bidrege til å spare både miljøet og lommeboka. 

Randi Thomassen, leiar ved Nobel seniorsenter, starta eit spennande prosjekt for å gje lokala ein frisk pust. Stolane var slitne, og fargane mangla harmoni. Randi tenkte: — Kva gjer vi med dette?

I jakta på ei løysing, ønskte ho å treffe så mange berekraftsmål som mogleg, med eit særleg fokus på miljø og økonomi. 

På leit etter nokon som kunne restaurere møblane kom ho i kontakt med det sunnmørske selskapet Refurn AS: —Samarbeidet med Refurn har vore strålande! Møblane er mykje betre å sitje i og brukarane har respondert positivt. Dei har rett og slett treft spikaren på hovudet. 

Restaureringa kosta omlag 2000 kroner per stol, som er under halvparten av prisen på nye stolar. Stolane er kring tjue år gamle, men sidan dei er norskproduserte og av høg kvalitet, kan dei no glede seniorar i opptil tjue år til. 

Finansieringa kom delvis frå kulturbudsjettet, med forventningar om at seniorsenteret kan medverke til ein reduksjon i budsjettet ved å minske tal på stillingar knytte til målgruppa. Nobel seniorsenter er ikkje berre ein stad; det er ein sosial møteplass som bidreg til god livskvalitet for seniorar i Molde: —Så det var ein klok bytehandel for ei viktig sak.

Om Nobel seniorsenter

Seniorsenteret er ein hyggelig møtestad midt i Molde sentrum og held til i nyoppussa lokaler i underetasjen på Nobelgården i Amtmann Krohgs gate 5. Her er det open kafe kvar dag, og seniorsenteret tilbyr og eit mangfaldig aktivitetsprogram. Tilbodet er opent for alle.

Aktivitetar:

  • Åpen kafé kvar dag kl. 09.30–14.00
  • Trimgrupper måndagar kl. 11.00–11.30
  • Bingo onsdagar og fredagar kl. 11.30–12.00
  • Bridgegrupper tysdagar kl. 09.30–14.00
  • Felles utflukter
  • Andre speleaktiviteter
  • Lese dagens avis

Bilete:


 

Kontakt

Randi Thomassen
leder Nobel seniorsenter
E-post
Mobil 94 14 59 42