Opning av Årølia skole: ein festdag utan sidestykke

Måndag 23.oktober var det offisiell opning av Årølia skole. Programmet var fylt med elevinnslag, snorklipping og talar og vart avslutta med open skule med servering av kaffi og kaker.

Festen vart opna av rektor Gerd Jorun Bjerkelund, som understreka at det var ein fest av og for elevar. Elevar frå elevrådet var konferansierar, og etter eit songinnslag frå førsteklassingane, gjekk ordet vidare til dagleg leiar i Molde eiendom KF, Torgeir Haukebø: –Me er vitne til opninga av er praktbygg. Dette er ein festdag utan sidestykke!

Haukebø takka prosjektleiar Øystein Vassgård, Sindre Thorvik fra Advansia, og rektor Gerd Jorun Bjerkelund for samarbeidet:  –Dette er ikkje eit bygg som Molde eiendom har bygd åleine. Eit godt samarbeid har vore avgjerande for at resultatet vart bra.

Johnny Skår, dagleg leiar i Åsen og Øvrelid Røberg AS rosar og samarbeidet mellom dei ulike partane: –Sidan prosjektet var forseinka med to månadar var det ingen som trudde at me kom til å bli ferdig, men md vart det på grunn av eit godt samarbeid. Åsen og Øvrelid Røberg AS har vore totalentreprenør i prosjektet. 

Kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen, er nøgd med den nye skulen: 
–Molde har fått ei ny storstue. Det er plass til alt og alle her. Det er ein god stad å vera for dei som bur i Årølia. 

Ann Kristin Tosterud Eriksen, nestleiar i foreldreutvalet (FAU) ved Årølia skole er og begeistra for det nye skulebygget: –Det er utruleg gøy å sjå kor fint det har blitt og at det blir lagt til rette for at barna skal blomstre og vera barn. Med andre ord er denne skulen meir enn berre eit fantastisk bygg.

Ordførar Trygve Grydeland fekk æra å klippe snora som markerte opninga av skulen: –Det er ei av dei mest høgtidelege dagane me får som ordførar å overrekke et nytt skolebygg. Stort artigare blir det ikkje! 

Ordføraren legg vekt på at bygget og skal kunne bli brukt etter skuletid, noko varaordføraren Hege Gagnat støttar: –At skular skal vera lokale kulturbygg er hjartebarnet mitt og det er Årølia skole eit godt døme på.