Rekordmange deltakarar på innovasjonscamp

Den 15. mars konkurrerte over 350 elevar frå 9.klasse om kven som hadde den beste ideen. — For første gong var det deltakarar frå alle skulane i Molde kommune i tillegg til privatskular, seier rådgjevar i fagavdeling skole. 

Ei bru mellom teori og praksis

Innovasjonscamp er eit samarbeid mellom Ungt Entreprenørskap, Molde Næringsforum og ungdomsskulane i Molde. Målet med campen er å bidra til å stimulere til kreativitet og relevans i læringsprosessane til elevane ved å bygge bru mellom teori og praksis. Kommunefinalen vart gjennomført på Bjørnsonhuset den 15. mars, der dei beste bidraga frå kvar skule kjempa om å vinne.

Elevane fekk ei reell oppgåve frå næringslivet med ei definert problemstilling. Gjennom innovative prosessar skulle elevane bidra til å finne fram til berekraftige løysingar på utfordringar i næringslivet og lokalsamfunnet.

Innovasjonsprosessen vart gjennomført innan eit avgrensa tidspunkt der elevane til slutt skulle presentere løysinga for eit dommarpanel. Elevane fekk oppdraget på måndagen og jobba med den i løpet av veka fram til torsdag då det vart avgjort kven som skulle gå vidare til kommunefinalen.

Bo Anton Nielsen som er rådgjevar i fagavdeling skole fortel at det i år var rekordmange skular som var med i konkurransen: — For første gong var det deltakarar frå alle skulane i Molde kommune i tillegg til privatskular, seier rådgjevaren.

Imponerte dommarar

To av dei som var med i dommarpanelet var Vaishnavi Pathmanathan og Sara Hassellø Berg. Dei er elevar i første klasse ved linja innovasjon og leiing ved Molde videregående skole og har vore på bedriftserfaring i Molde kommune i sju veker.  — Det har vore kjempekjekt. For to år sidan var de der som deltakarar og no er me ein del av dommarpanelet, seier Vaishnavi Pathmanathan. —Eg er veldig takksam for å ha vore med, legg Sara Hassellø Berg til.

Eit anna medlem i dommarpanelet var Carina Farstad frå Molde næringsforum. Farstad som er prosjektleiar for næring understrekar at det var utfordrande å sitje i dommarpanelet : — Dei er så kreative og flinke til å presentere ideane sine. Det er klart at dei har jobba grundig med oppgåvene sine, kommenterer prosjektleiaren.

Vinnarane

Det var Midsund skule som stakk av med sigeren. Vinnargruppa med prosjektet «Be safe and earn» jobba med ei utfordring knyta til å stimulere til tryggare sykkelåtferd. I korte trekk gjekk ideen ut på at dei ville lage ein smart sykkelhjelm som var kopla til ein app. Ved hjelp av sporing kan hjelmen registrere åtferda til syklisten, der du over tid kan samle opp rabattar og premiar dersom du føl trafikkreglane. Ideen var forankra i berekraftsmål 11 – Berekraftige byar og lokalsamfunn og 13 – stoppe klimaendringane.

 

Kontakt

Bo Anton Nielsen
rådgiver
E-post
Mobil 92 29 01 91