Rekordoppslutning for Stikk ut! Vinter

Ei større satsing på Stikk UT! Vinter har gitt auke i både deltaking og talet på turar. Det vart denne sesongen registrert over 60 000 fleire Stikk UT-vinterturar enn førre sesong.

Ein historisk sesong 

Denne vintersesongen har om lag 14 000 deltakarar registrert over 200.000 fot- og skiturar. Det er over 60 000 fleire enn førre vintersesong. I Molde var det 1886 aktive deltakarar med til saman 35 003 registreringar.

Allereie ved sesongstart 15. desember 2023 var det full vinter i Møre og Romsdal der fleire skiturmål alt var trakka opp og mange hadde fått ski på beina. 

I år fekk vintersesongen 15. april som fast sluttdato og ikkje 2. påskedag som før:  – April er ofte den finaste tida for mange til skiturar, derfor har me valt å strekkja vintersesongen så lenge me kan, seier Hoel.

Vintersesongen bestod av 159 skiturar og 233 fotturar i alle kommunane i Møre og Romsdal i tillegg til Heim og Lesja.  

Tilrettelegging er viktig for folkehelsa

Gode møte mellom menneske og naturen fremjar helse og livskvalitet, og arbeidet som blir gjort med å leggja til rette for uteaktivitet er derfor veldig viktig. 

– Me rettar ein stor takk til samarbeidsaktørane våre som legg til rette for aktivitet og trivsel ute! Frivillige og løypekøyrarar frå 50 skiklubbar, nokre løypelag og kommunar har brukt mykje tid og midlar til å leggja til rette flotte skiløyper, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrins.

Nærmiljøet er mest populært

Registreringene av turmåla har fordelt seg godt på alle dei 392 turmåla denne vintersesongen, men for fotturar har turmål i nærmiljøet og turar til gapahukar vist seg å vera svært populære. 

– I Stikk UT! er det å gå seg ein tur i nabolaget like mykje verd som ein langtur på ski og me har fokus på gleda ved å vera i aktivitet ute. Folk har teke utfordringa og funne seg fine vinterturar, noko som er veldig gledeleg, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Hilde Ellingsæter i Sunnmøre Friluftsråd som er ansvarleg for Stikk UT! 

Fengjer alle aldersgrupper

– Me ser at Stikk UT! fengjer alle aldersgrupper og det er me veldig fornøgd med, seier Hoel. Dei fleste er i alderen mellom 30 og 70 år, men også ein god del barn og unge deltek.

Friluftsråda inviterer også bedriftene i fylket til å delta på Stikk UT! som lag. Dette har vist seg å vera ein god motivasjonsfaktor for tilsette til å komma seg UT på tur i vinterhalvåret òg, når ein kanskje treng det som mest.

Desse turmåla var mest besøkt:

1. Damefallet i lysløypa, Molde, 2685 besøk, 507 personar

2. Gunnhildbu fra Skaret Skisenter, Hustadvika 950 besøk, 465 personar

3. Berrmyran fra Skaret Skisenter, Hustadvika, 953 besøk, 400 personar

4. Lysløypa i Moldemarka, Molde, 1324 besøk, 388 personar

5. Skihytta i Moldemarka, Molde, 1136 besøk, 365 personar