Stikk UT! med ny sesong og i ny drakt

Med heile 572 turmål i regionen vår er årets Stikk Ut!-sesong større enn nokon gong. Stikk Ut!-appen kjem i ny forbetra versjon, og for første gong kan du også gå til Stikk UT!-turmål andre stader i landet.

Legg til rette for god folkehelse for alle

— Me legg til rette for god folkehelse i samarbeid med dei 28 deltakarkommunane våre, lag og organisasjonar, grunneigarar og lokale eldsjeler. Gode møte mellom menneske og natur fremjar livskvalitet og me er superglade for å tilby så mange fine turmål der heile 187 er trillevennlege, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd.

I årets kartbrosjyre inviterer friluftsråda alle med ut på tur: – Me håpar alle kan finna turperlene sine. Det er flott å ta Stikk UT!-turar nært der du bur, men oppmodinga er også å kunna oppdaga nokre nye turmål i løpet av sesongen, kommenterer Hoel. 


Registrering i app

Utviklinga viser at omtrent 95% registrerer turane sine i appen og ikkje på nettstaden. Av den grunn vil det frå og med i år berre vera mogleg å registrera turar i Stikk UT!-appen.

— Valet måte komma før eller seinare, og det var naturleg å ta det no når turappen blir oppdatert og Stikk UT! Noreg blir etablert. Me håpar dette ikkje fører til vesentlege problem med å registrera, seier Hoel som gjerne hjelper dersom det byr på problem for nokon.

Nettstaden stikkut.no kjem også i ny drakt, med ein litt annan funksjon enn før.


Ha vit på tur

Friluftsråda er opptekne av at alle som ferdast i naturen skal gjera dette på ein omsynsfull måte. Derfor er det vigd stor plass til Stikk UT!-vit-reglane både i kartbrosjyren og i annan kommunikasjon. 

— Det er viktig å setja seg godt inn i reglane før ein går på tur. Me oppmodar alle til å ta vare på naturen og ta omsyn til både dyr, plantar og menneske, i tillegg til å ikkje vera til hinder eller ulempe for andre trafikantar og grunneigarar, oppmodar Hoel. 

Ver merksam på at fleire turmål kan ha utsett opningsdato. I det siste har det komme ein del påfyll med snø i høgfjellet, så hugs å sjekka dette i turskildringane i Stikk UT!-appen.


Utvidar satsinga

Friluftsråda jobbar saman med deltakarkommunane for å fremja friluftsliv for alle, og me er stolte over at fleire friluftsråd i Noreg også ser korleis Stikk UT! bidreg til stor aktivitet og turglede. 

For første gong kan du registrera Stikk UT!-turmål fleire stader i landet. Under oppstart av Stikk UT! Noreg er heile 82 kommunar med, og tilbyr omtrent 1600 turmål. Målet er ei opptrapping til endå fleire stader i Noreg dei neste åra. 


Ny kunstnar 

Dame holder en tegning - Klikk for stort bildeAnnika Østerbye er ny StikkUt-kunstnar

Stikk UT! har i år fått ny kunstnar som har designa motiv til krus og skåler.  Av 17 bidrag var det Annika Østerbye som gjekk av med sigeren. Annika er frå Stockholm, men har budd i Rauma sidan 2017. Ho er utdanna grafisk designar og tilsett hjå Tibe i Molde.

— Det var ikkje lett for arbeidsgruppa å velja ut blant dei gode forslaga, men når me valde Annika sitt motiv var det fordi me syntest det speglar naturen og turgleda i Stikk UT! anda si, seier Hoel. 

Krusa og skålene kan kjøpast som premie når ein har gått meir enn sju turar.

Fakta om Stikk UT!

Stikk UT! er ein turtrim der ein kan registrera dei turane som er plukka ut til å vera turmål denne sesongen. Det er gratis å delta, ein lastar ned appen og opprettar ein brukar, så registrerer ein koden som finns på kvart turmål. Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober.