Trafikktryggleikstiltak har hatt ein positiv effekt på sykkeltrafikken i Molde

Politiet rapporterer om betre trafikktryggleik blant barn og unge etter at det vart sendt ut ei bekymringsmelding i november med  særlig vekt på trygg ferdsel på sykkel.

Får skryt for å ta trafikktryggleik på alvor

Føresette, barn og ungdom som har lytta til oppmodinga om å bruke refleks, vera ekstra merksame og ta naudsynte førehandsreglar når dei ferdast på sykkel får skryt for den positive trenden i sykkeltrafikken i Molde. 

—På vegne av Molde kommune og politiet ønskjer vi å takke for at trafikktryggleik blir teken på alvor. Det er fint å sjå at ein felles innsats gir konkrete og positive resultat. Dette viser at når befolkninga i Molde går saman for å prioritere tryggleik på vegane, utgjer det ein skilnad, seier Anne Bondal.

Bondal er hovudkontaktperson for prosjektet «Trygg sykkel», som er eit delprosjekt under Smart Molde-prosjektet «Fremtidens mobilitet»Smart Molde er eit program initiert av Molde kommune som skal bidra til at Molde blir eit meir berekraftig samfunn.

 

Auka bruk av el-sykkel skaper utfordringar 

Kjellbjørn Riise Johansen som er politispesialist i trafikk ved Politiet i Møre og Romsdal fortel at ein av utfordringane er at talet på el-syklar i Molde har auka i løpet av få år og at vegeigarar, skuleområde og arbeidsplassar ikkje har rukke å tilpasse seg situasjonen. 

—Vi manglar trygge ferdselsårer for sykkel i byen og sikre lagringsplassar for verdifulle syklar, kommenterer politispesialisten. 

Tiltak han meiner kan betre situasjonen er at skulane i kommunen startar med planlegging av låsbare sykkelgarasjar med overvakning som kan romme eit tilstrekkeleg tal på syklar: —Til dømes vil ungdomsskulane i sentrum ha behov for lagringsplass for fleire hundre syklar, kommenterer han. 

 

Hald fram med gode vanar

Vidare, legg politispesialisten til at det er ekstra viktig at den enkelte føl trafikkreglane og viser omsyn til andre trafikantar når det er så mange som bruker el-sykkel.

Sjølv om vi no har sett ein positiv effekt, er det viktig å minne alle om at det er nødvendig å halde fram med dei gode vanane og halde trafikktryggleiken i fokus. Saman kan vi halde fram med å skape eit tryggare miljø for alle trafikantar på som ferdast på vegane i Molde. Vi har ingen å miste, men mykje å vinne ved å vera trygge i trafikken.  

Tiltak som kan bidra til god trafikktryggleik er å bruke refleks, bruke hjelm, og ver merksam i trafikken, særleg i denne mørke årstida.

 

Trygg sykkel

Etter nyttår vil det gjennom prosjektet Trygg Sykkel bli arbeida med haldningsskapande arbeid for barn og unge på sykkel, samt at det skal bli arbeida for å få til trygge sykkelparkeringar. 

Har du spørsmål om prosjektet? Ta kontakt med Anne Bondal i Smart Molde. Bondal har kontorplass på InnbyggerLaben Innom, og du er velkommen til å stikke innom om du har innspel eller idear. InnbyggerLaben Innom ligg midt i Storgata og er open frå måndag til fredag.

—Det å få jobbe på tvers av er både givande og motiverande, særleg når vi ser resultat. Vi gler oss til å jobbe vidare med prosjektet på nyåret, avsluttar Bondal.

Kontakt

Anne Bondal
E-post
Mobil 47 32 67 88