Klima og miljø i samfunnsplanleggingenGjennom kommuneplanens samfunnsdel har vi ei rekke føringar på klima- og miljøområdet. Her er det spesielt utviklingsmål nummer to: "Molde er eit grønt, smart og innovativt samfunn" som gir føringar på dette området. I samfunnsplana kan du blant annet lese at hovedmåla våre innafor dette utviklingsmålet er: Moldesamfunnet tek vare på naturmangfald, kulturlandskap og grønstruktur. Moldesamfunnet tilpassar seg klimaendringar. Moldesamfunnet møter utfordringar med innovasjon og digitalisering. Moldesamfunnet er klimanøytralt i 2050. For å nå disse måla presenterer samfunnsplana ei rekkje strategiar. Dei viktigaste strategiane på klima- og miljøområdet er (listen er ikkje uttømmande): Vi skal forvalte og ta vare på naturtypar, biologisk mangfald og viktig landskap. Molde kommune skal vurdere klimarisiko og behov for klimatilpassing i all planlegging. Vi skal ha årlege klimabudsjett og klimarekneskap som styringsverktøy. Vi skal gjennomføre klimatiltak basert på anerkjent kunnskap. Molde kommune skal sette mål for reduksjon av klimagassutslepp i alle kommunale planer. Molde kommune skal stille ambisiøse klima- og miljøkrav i alle anskaffelsar og investeringar. Molde kommune skal ta aktiv del i, og bidra til utvikling av, relevante nettverk innan klima og berekraft. Molde kommune skal redusere klimagassutslepp i heile organisasjonen. Molde kommune skal vere Miljøfyrtårn. Les meir: Kommuneplanens samfunnsdel Molde 2021-2031 Sist endret 28.09.2022 14.31