Engasjer deg!

Demokrati betyr deltaking. Denne artikkelen forklarer deg korleis du kan gå fram for å påverke politikken i Molde kommune. 

Me vil høyre frå deg!

Har du forslag til noko kommunen kan gjere for klima eller miljø? Då vil me gjerne høyra frå deg.

Utfordringane me står ovanfor må me løysa saman – me må involvera og endra oss.

Me vil gjerne ha innspel til klima- og miljøtiltak, forslag til prosjekt eller informasjon du meiner kan vera nyttig i arbeidet i kommunen med klima og miljø.

Send inn innspelet ditt ved å bruke dette skjemaet

Bruk stemmeretten 

Å bruke stemmeretten er det enklaste og viktigaste du kan gjere for å delta i demokratiet. 

Summen av alle stemmene i eit lokalval avgjer kor mange representantar kvart parti får i kommune— og fylkesstyret. Styrkeforholdet mellom partia avgjer kva moglegheit dei har for å få gjennomslag i dei sakene som partia og veljarane deira er opptekne av. 

Alle norske statsborgarar som er over 18 år, eller fyller 18 i løpet av eit valår, har stemmerett ved kommune— og fylkesstyreval. Dersom du deltek kan du påverke kva politiske saker som blir prioritert framover. Kvar einaste stemme tel!

Les meir om lokalval i Molde kommune her. 

Snakk med ein politikar 

Brenn du for ei sak som angår nærmiljøet ditt? Då kan du kontakte ein lokalpolitikar! 

Molde kommune har og eit eige ungdomsrådeldreråd og et råd for menneske med nedsett funksjonsevne som det er mogleg å engasjere seg i. Desse råda har jamlege møte med politikarar i kommunen.

Molde kommune har og eit kommunedelsutval i Nesset som har i oppgåve å verne om og fremje forslag og innspel til utvikling av lokalmiljøet overfor kommunen sine politiske organ.

Her finn du kontaktinformasjon til lokalpolitikarar og politiske utval

Du kan og fremje eit innbyggjarforslag om ei sak du meiner vil gjere Molde kommune betre. Kommunelova gir deg rett til å få saka di behandla av kommunestyret dersom forslaget blir støtta av minst 300 personar eller to prosent av innbyggjarane i kommunen. 

Når det gjeld politisk påverknad er det viktigaste stikkordet tid. Di tidlegare du blir involvert i ein prosess, di større sjanse er det for at du får påverke den. 

Under politikk og innsyn finn du andre verktøy som kan gjere det enklare å fremje saker du er oppteken av, deriblant møteinnkallingar, protokollar, kommuneTV og moglegheit for å søke innsyn i postlister. 

Høyringar

Høyring betyr at ei sak, som til dømes ein plan blir lagt ut for å få innspel frå innbyggjarar og andre partar som er påverka. I nokre saker er kommunen lovpålagt å leggje saka ut på høyring før det blir gjort eit endeleg vedtak. Sjå kva saker som er på høyring no i Molde kommune.  

Stikk Innom  

InnbyggerLaben Innom i Molde sentrum ligg i Storgata. 44 og er open alle kvardagar frå kl. 08:30 - 15:00. 

InnbyggerLaben er eit initiativ av Molde kommune og skal være eit opent, levande og inkluderande rom der det offentlege, innbyggjarane, næringslivet, akademia og frivilligheita møter kvarandre med mål om å utvikle samfunnet. Lokalet er og tilgjengeleg til både interne og eksterne arbeidsmøter og verkstadar.

Det er og planlagt å ha innbyggerLab lokalisert både i Molde sentrum, Eidsvåg kommunehus, og ein stad på Midsund. 

Bruk media

Dersom du vil rette merksemd mot ei sak du meiner er viktig, kan du nå mange menneske raskt og effektivt gjennom bruk av media. 

Media blir ofte kalla den fjerde statsmakt, og speler ei viktig demokratisk rolle. Innhaldet i media påverkar ordskiftet — altså både kva folk og politikarar er opptekne av.

Redaksjonelle medium er til dømes aviser, TV og radio, styrt av ein ansvarleg redaktør.

Det er fleire måtar du kan gå fram på om du ønsker å fremje ei sak i redaksjonelle medium. Dei vanlegaste måtane er å sende inn tips eller debattinnlegg.

Dersom du vil fremje ei sak som er aktuell for lokalmiljøet ditt er aktuelle media for Molde kommune Romsdals BudstikkeMidsundingenNRK Møre og RomsdalDriva og Tidens Krav.  

Sosiale medium er og ein plattform du kan dele meiningane dine med mange andre på ein effektiv måte. Du kan sjølv ta ordet i sosiale medium, som til dømes Facebook, Instagram, Snapchat og TikTok. Her kan kven som helst lage og publisere innhald. 

Organiser deg 

Det er lettare å få gjennomslag for ei sak når det er fleire som jobbar mot det same målet.

Som medlem av eit politisk parti kan du påverke partiet innanfrå. Det er medlemane i partiet som bestemmer kva politikk partiet skal jobbe for. Dersom du ønsker å påverke politikken til eit parti i Molde kommune, kan du melde deg inn i eit lokallag.

Om du ikkje finn eit parti du kjenner deg nok att i, men vil engasjere deg i ei sak over lengre tid, kan det vera eit alternativ å engasjere seg i eit lokallag i ein organisasjon.